Julebutikken -på nett og på marknad

Ingen jul utan heimelaga mat frå Haugen Gardsmat.

Juleprodukt produsert av Haugen Gardsmat
Våre juleprodukt kan du bestille på førehand for henting på Bondens Marked - sjekk ut datoane her eller i vår eigen Julebutikk som vert ein del av Bergen Julemarked på Festplassen i Bergen. Marknaden er open frå og med torsdag 7. desember til og med laurdag 23. desember. Meir info finn du etter kvart på www.bergenjulemarked.no

Sending av produkt
Me kan også sende nokre av våre mest populære juleprodukt i posten.
NB! Merk at alle bestillingar vert sett på som eit sal, og uavhenta varer vil bli fakturerte.

Betalingsmåtar på marknad: 
Alle varer kan betalast med kort, debet eller kredittkort. Du kan også Vipse: 83931 Haugen Gardsmat as. Kontant fungerer også framleis.

Betaling generelt
Sendast varene i posten er Vipps føretrekt betalingsmåte, kjapp og enkel.  Me tek kontakt når bestillinga er pakka for sending, informerer om totalsum inkludert fraktkostnader, vipps, så er varene på veg til deg. Dersom me skal sende rekning, må dette avtalast på førehand.