Jul

Julesesong

No vert dei gamle og gode oppskriftene for julepålegg teken fram og me kosar oss med smakene og luktene rundt grytene når lammerull, syltaflesk, ribberull og gardspate tek form kvar veke frå november av.

Pinnakjøtet frå lamma tidlegare i haust heng klart til jul og slakt frå eigne økologiske og frittgåande griser vert teke inn for å gje gode svineribber og steiker til julebordet.

Varer med fokus:

  • Lammerull
  • Ribberull
  • Olinas Syltaflesk (hodesylte)
  • Gardspate (grov leverpostei som passar både til forrett og på skiva)
  • Julesteik av svin
  • Svineribbe
  • Julepølser
  • Medisterkaker

Med von om smakelege opplevingar i førjulsstria og julehøgtida…