haugen-header

Haust

Om hausten kjem nye runder med lam til gards. Som ivrige jegarar er me mykje i fjellet for å sjå etter rein og hjort. Gardsmaten skjer ned rein og hjort frå godkjende slakt lokalt. Dette gjev flotte produkt både til kvardag og fest.

Produkt med fokus:

Lammekjøt frå lam rett frå fjellbeite

  • Lammeklubbe (utbeina lammebog som steik, urtekrydra, ferdig til steikeovnen)
  • Lammesteik
  • Fårikålkjøt
  • Kam, fint til frikasse eller som grytekjøt
  • Ytre og indrefileter
  • Skankesteik (saftig og godt kjøt ved langtidssteiking)

Reinsdyrkjøt og hjortekjøt

  • Lårsteik
  • Bogsteik
  • Sider, steikast heil i ovn, kan også nyttast som pinnekjøt for den meir eksperimentelle
  • Entrecote
  • Skankesteik (saftig, smaksrikt og godt kjøt ved langtidssteiking)
  • Ytre og indrefilet

Med von om smakelege opplevingar…

Wordpress nettside laget av Oransje webdesign