Nyhetsbrev

Bondens Marked på Bryggen og i Birkelunden

7. mai 2010  |  Nyhetsbrev

Hei alle saman!

No pakkar me bilen att til marknad både i Oslo og i Bergen. Nærare info om tid og stad finn du på www.bondensmarked.no

Me tek med oss det me har av spekemat og her må me spesielt nemne at dei langtidsmodna spekeskinkene no er klare og noko vert teke med denne helga :) Vidare har me fokus på lettare grillmat og prioriterer dette i diskane.

Sist me var i Oslo forsvann svinagodgrill i brød fort og oppglødd av gode tilbakemeldingar tek me med handmat denne gongen også. Restauranten Sult skal stå ved sida av oss i Oslo, dei har sett opp svinenakke frå oss på menyen og me er spente på presentasjonen deira under marknaden.

Her på tunet klargjer me for vår og sommarsesong og gler oss over at det grønkast i bakkane.

Me ynskjer dykk alle ei retteleg fin mai månad, så snakkast me!

Med von om smakelege opplevingar……

Kristine og Odd Ohnstad

Bondens Marked i Bergen denne halga (17. april) og Oslo neste (24. april)!

16. april 2010  |  Nyhetsbrev

Det er lysare tider, dei fyrste lamma er født på nabogarden og me kjenner at våren definitivt er i anmarsj! Her på tunet har me konsentrert oss om å produsere til marknaden på Bryggen i Bergen og å leggje opp eit greitt løp for neste veke når Vibes gate i Oslo står for tur.

Me har med oss litt av kvart denne gongen både grillmat, lette middagsvarer, leverpostei og sjølvsagt spekemat.

Nokre av dykk har spurt oss etter kje, dette fekk me diverre ikkje inn denne veka men vonar å kunne ha det klart til me skal til Oslo. Dersom de er interessert i denne vara er de fint om de tek kontakt J

Me kryssar fingrane for at været er nokolunde og at me snakkast på marknadane!

Med venleg helsing

Odd og Kristine Ohnstad

Bondens Marked i Oslo og Bergen

19. mars 2010  |  Nyhetsbrev

Me vil med dette ynskje dykk alle ei god påskehøgtid, og så sjåast me kanskje på marknaden :)

Hei alle saman -og takk for sist!

No er me i gang igjen og pakkar bilen til påskemarknad, fyrst til Oslo no laurdag 20.mars så til Bergen ’palmelaurdag’ 27.mars

Med oss i bilen har me mykje godt ferskt lammekjøt, litt vilt, ulike kjøttbollar, fleire typar pølser (både korv og grill) og sist, men ikkje minst: pålegg. Denne gongen har me med leverpostei, lammerull og syltaflesk til påskeborda.

ME YNSKJER DYKK EI GOD PÅSKE …Med von om smakelege opplevingar; om de no planlegg eit festmåltid med krevjande rettar, lettvindt middag etter turen, pølse på termos, grilla eller over bålet…!

Med venleg helsing

Odd og Kristine Ohnstad