haugen-header

Sesongens siste Bondens marknad

Heisann alle saman.

Då er det veldig snart helg, og Haugen Gardsmat skal delta på Bondens marknad både i Oslo og i Bergen. Dette vert dei siste markandsdagane for vår del, før haustsesjonen tek til.

I Oslo vert det marknad på Valkyrieplass i morgon laurdag (10-16) og i Botanisk hage søndag (11-16). Her vert det Kristine og Odd som representerer.

I Bergen er det denne laurdagen den berømmelege «Torgdagen», med mykje hurlumhei i heile byen. Marknadsplassen er difor flytta frå Fisketorget og over på Bryggen. Ver merksame på at marknadsplassen vil vera delt i to av ein av ute-serveringane på bryggen. De vil finna oss i delen lengst nord (Mot SAS-Hotellet).

I bygda har no våren nesten heilt sikkert komen. Snøsmeltinga er komen over 1000m, og sauebøndene har «buført». (flytta Sauenbe til fjells) Kanskje er me no inne i den finasste tida her i Sogn: Grøne bøar og lier, Blåe elvar og fjordarmar og framleis snødekte fjelltoppar. Ikkje rart turistane kjem i tusental J

I sortimentet denne gongen: Indre og ytrefilet av lam, indre og ytrefilet av rein, skiva marinert lammelår, Kjøttfulle grillbein sousvide, tomatsuppe, kjøttbollar, bacon og spekemat mm.

På bryggen i Bergen vil det og verta høve til å kjøpa ferdige hamburgerar av hjort, servert med spesialbrød produsert for oss av vårt lokale bakeri.

Dersom de tek med utskrift av nyhendebrevet, vil de få 10% rabatt på alle varer J

Vonar mange av dykk har høve til å ta turen innom for triveleg prat og god handel.

Med von om smakelege opplevingar
Beste helsing
Kristine og Odd Haugen Gardsmat

Wordpress nettside laget av Oransje webdesign