haugen-header

Bondens marked Bergen

Hei alle saman

Denne gongen måtte me prioritere hardt, sidan det er mange jern i elden for tida. Guttorm, Silje og Jon; komplett syskeflokk; stiller på marknaden i Bergen mens me andre har ulike gjeremål denne helga.

Tida har gått særs fort, og etter påske har me som vanleg stilt med mat til Røde Kors og deltakarar på Skarvarennet inni Lengjedalen. Kontrastane kan vera store på denne tida av året, og her hjå oss har me kvite fjelltoppar og ypparleg skiføre, mens det nede i dalen grønkast. Sau og lam er komen ut på beite alt og me gler oss over nytt liv.

Me det flott været som no er kome over oss er det fokus på grilling, også i Haugen. Me har difor med oss: Ferskt lammekjøt med lammefiletar og skiva lammelår for grillen, Kjøttfulle grillbein, Reinsdyrbiff, Kjøttbollar, Bacon og spekemat.

Ynskjer dykk alle ei strålande helg!

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd Guttorm, Silje og Jon

Wordpress nettside laget av Oransje webdesign