haugen-header

Marknad tre helgar på rad! Fisketorget i Bergen 25.mars og 8.april. Valkyrieplass i Oslo 1.april

Hei alle saman

No gjer me oss klar til marknad, tre helgar på rad. Ei skikkeleg oppkøyring til påske! Vinteren har vitja oss att litt her, og på fjellet vonar me på flotte forhold i tida framover; sjølv om me nede i bygda ser etter vårteikn.

Med påske kjem fokus på kje og lam og me tek med oss dette i så stor grad som mogeleg dei neste helgane. Me er heldig å ha god hjelp i den yngre generasjon, og dei stiller opp både i Bergen og Oslo for at me i større grad kan arbeide saman med utviklingsprosjekt her heime.

På bilen desse helgene har me med oss:

KJELÅR, KJERIBBE OG PAKKAR MED GRYTEKJØT AV KJE. LAMMELÅR -skiva og marinert. LAMMESTEIK, KLUBBE OG SKANK. NOKO YTREFILET OG SALTA LAMMEBOG. -og som mange har fått med seg, leverer me ein del varer til Adams Matkasse. Også ein del varer som de ikkje heilt utan vidare forbinder med oss. Det som er fellesnemnaren for desse produkta er at dei, akkurat som alt me produserer, er heilt naturlege og utan kunstige tilsettingar, Etter oppmoding frå kundar tek me difor med oss TOMATSUPPE i pakningar som passar for 2-3 personar.

Elles er det sjølvsagt med både kjøttbollar og karbonader, bacon og ein del spekemat som fenalår, speka krydderbiff, chilipølse og speka svinefilet med 🙂

Då vonar me at de får smakelege opplevingar…
Med helsing
Kristine og Odd, Guttorm, Silje og Jon

Wordpress nettside laget av Oransje webdesign