Hei alle saman!
No pakkar me bilen att til marknad både i Oslo og i Bergen. Nærare info om tid og stad finn du på www.bondensmarked.no
Me tek med oss det me har av spekemat og her må me spesielt nemne at dei langtidsmodna spekeskinkene no er klare og noko vert teke med denne helga
Vidare har me fokus på lettare grillmat og prioriterer dette i diskane.
Sist me var i Oslo forsvann svinagodgrill i brød fort og oppglødd av gode tilbakemeldingar tek me med handmat denne gongen også. Restauranten Sult skal stå ved sida av oss i Oslo, dei har sett opp svinenakke frå oss på menyen og me er spente på presentasjonen deira under marknaden.
Her på tunet klargjer me for vår og sommarsesong og gler oss over at det grønkast i bakkane.
Me ynskjer dykk alle ei retteleg fin mai månad, så snakkast me!
Med von om smakelege opplevingar……
Kristine og Odd Ohnstad
